Roar Brekke "For å si det sånn" i Åkrafjorden
Oddingen sitt sjette soloshow - meir personleg, meir avslørande - og endå meir komisk!
Etter showet - musikkbingo!
Roar Brekke frå Odda debuterte som standupkomikar i 1996 og har sidan reist landet rundt med si særeigne blanding av fysisk komikk, karakterar og skarpe observasjonar. No markerer han over 30 år på scena med sitt femte soloshow.
For kva skjer når ein komikar har brukt eit heilt vaksenliv på å få andre til å le – og plutseleg stoppar opp for å sjå seg tilbake?
I sitt femte soloshow tek Roar Brekke publikum med på ein kveld full av latter, attkjenning og historier frå eit liv både på og utanfor scena. Med varme, sjølvironi og eit skarpt blikk på menneska rundt oss finn han humoren i dei små situasjonane vi alle kjenner oss att i – anten det handlar om familie, samliv, det å bli eldre eller alle dei absurde augneblinkane kvardagen stadig byr på.
Roar er ein komikar som ikkje berre fortel vitsar – han spelar dei ut. Med sitt karakteristiske kroppsspråk, levande mimikk og sterke karakterar skaper han situasjonar publikum både kjenner seg att i og ler høgt av. Framsyninga vekslar mellom kjappe standup-poeng, lengre historier og improvisasjon med publikum, noko som gjer at ingen framsyning blir heilt lik den førre.
Etter tusenvis av framsyningar har han utvikla ei sjeldan tryggleik på scena. Han veit når ei historie skal få tid til å vekse – og når ho skal treffe med full kraft. Resultatet er ein humorkveld som kjennest både gjennomarbeidd og spontan.
Publikum har allereie omfamna showet:
«Så bra at eg kjem tilbake – og tek med både mannen min og sonen min!»
For å seie det sånn er ei framsyning for alle som likar humor med varme, tempo, sjølvironi og latter som varer lenge etter at scenelyset er sløkt.
Restriktioner
18 år - fra 14 år med verge.