page view image

Brekke m/vener på Åtgaum 8.januar

Nytt år, nye fjes! Nok ein festkveld med latterkrampar på Åtgaum!

Information
event image

Headliner: Sjur Hjeltnes
Han er klassisk pianist og seriøs komikar frå Voss. Heilt frå dei ytterste skjær til kongens slott har han kome med sine særeigne tankar frå pianokrakken. Han har studert ved Griegakademiet i Bergen og Ecole Normale de Musique de Paris, han har spelt det meste mellom Deep Purple og Fartein Valen og han har vore kapellmester, skodespelar og komikar i alt frå revy til samtidsteater. Frå 2003 til 2010 spelte han med Nordic Tenors, og i 2006 vann dei komiprisen ilag. Dei siste åra har han stadig vore på TV, saman med Linda Eide i "Språksjov".
Ole Bentsen har tatt den laaange vegen frå Haugesund og seier om seg sjølv:"Synst du at livet gir for mykje meining? Skulle du ønskje at du var meir forvirra? Då er det ikkje usannsynleg at eit kvarter i same rom som Ole Martin Bentsen er løysinga for deg. Kan hende blir du så forvirra at du ler, òg."

Jaran Hereid er ein av dei monge nye komikar-spirene i bergensmiljøet. Ta han vel imot


Roar Brekke - oddingen som har stått med ein mikrofon sidan forrige årtusen, er som vanleg konferansier.


brekke åtgaum

Beperkingen

18 år