Roar Brekke i "For å si det sånn" til Skånevik
Roar Brekke endeleg tilbake til House of Blues - med det nye soloshowet sitt!
Etter ti strålande framsyningar på Ole Bull i Bergen og femten show på ulike scener rundt om, kjem Roar Brekke til House of Blues med sitt nye soloshow.
Etter snart 30 år på scena gjer han opp status – ikkje berre over karrieren, men over livet slik det faktisk blei. Denne gongen får publikum òg møte personen bak komikaren med gummifjeset.
Med trygg timing, fysisk komikk og sylskarpe observasjonar vekslar framsyninga mellom kjappe standup-poeng, lengre historier og ubetallege karakterar.
Her blir det oppvekst i Odda, familie, relasjonar og sceneliv – levert med mimikk, presisjon og ei ro som berre nokre tusen opptredenar kan gi. Han tek seg tid når det trengst, og trykkjer til når det skal smelle.
Improvisasjon og samspel med salen er ein naturleg del av kvelden. Ingen framsyningar blir derfor heilt like.
Showet har fått strålande tilbakemeldingar, som denne:
«Så bra at eg kjem tilbake – og tek med både mannen min og sonen vår!»
Opplev eit gjennomarbeidd humorshow frå ein komikar som veit kva han driv med (og det skulle berre mangle etter 30 år!).
Dette blir ein fest. For å seie det sånn.
Restriksjoner
18 år - eller med verge